Ferjekai, Volda

Statens vegvesen har skrive kontrakt med Christie Nordang for bygging av ny ferjekai i Volda. Kontrakten er på 70 millionar kroner.
Byggeperiode:
2018–2020
Kontraktsum:
70 MNOK
Bygd for:
Statens vegvesen

«Vi har hatt samhandling med entreprenøren og dei vil starte med forberedande arbeid fyrste uka i mai», fortel prosjektleiar Olav Megrund i Statens vegvesen.

Christie Nordang har med seg Volda Maskin AS til å utføre grunnarbeida, fyllinga i sjøen og utbetringa av Sjøgata.

Ferjene vil gå som normalt i anleggsperioden. Reisande vil likevel merke arbeida ved at det blir færre oppstillingsplassar og at deler av dagens kai blir inngjerda. Arbeida skal vere ferdig 1. januar 2020. Da skal det settast inn elektrisk ferje på sambandet.